Vi får stadig høyre om kor viktig det er at offentleg sektor vert meir effektiv, og at 80 % av alle tilsette må bruke KI til arbeidet sitt. Eg ønsker å finne ut korleis det er å stå midt oppi dette. Korleis er det å bruke og bli omringa av ein svært ny teknologi før retningslinjene er spikra ferdig, og ingen er einige om denne teknologien vil frelse eller øydelegge oss?
Om prosjektet
Eg er ein student på NTNU som skriv masteroppgåve i Studier av kunnskap, teknologi og samfunn (STS).
Oppgåva eg skal skrive handlar om generative språkmodellar i offentleg sektor. Gjennom å intervjue tilsette i offentleg skal eg forsøke å bli klok på dette.Korleis vert dei brukt, kva vert oppnådd, og ikkje minst, kva for haldningar har tilsette til denne teknologien?
Akkurat no er vi midt i ei ganske stor teknologisk omvelting, og det er ikkje lett å spå korleis dei neste 5–10 åra vil sjå ut. Mest sannsynleg vil såpass mykje ha endra seg at det eg eventuelt måtte finne av forskingsfunn fort vil bli utdatert. Likevel trur eg det vil vere interessant å ha mange små augeblikksbilete å sjå tilbake på, og det vil glede meg å ha bidratt til dette. Kva med deg?
(c) 2021 War and Peas
Intervju, sa du?
Ja, det sa eg! Eg er interessert i å snakke med deg som jobbar med offentleg administrasjon eller forvaltning (både stat, kommune og fylkeskommune), og i tillegg svarer til ein av desse kategoriane:
- Ivrig teknologioptimist som bruker språkmodellar og andre KI-tenester til alt mogleg
- Skeptisk til kor nyttig dagens KI-tenester eigentleg er, og er bekymra for aukinga av ukritisk bruk
- Føler at dei to overnemnte kategoriane er unyanserte skyttargraver som gjer det vanskeleg å ha ein sakleg debatt om KI
- Ikkje heilt forstår kva alt pratet om KI handlar om, men er litt redd for å henge etter
Kort sagt er eg interessert i alle som jobbar med noko knytt til offentleg forvaltning som har sterke eller svake meiningar om kunstig intelligens. Har du lyst til å delta, så send meg eit elektronisk brev der du fortel meg litt om jobben din, og korleis du bruker eller møter på KI. Dersom du er i tvil om du er i målgruppa, men syns prosjektet verkar interessant og har lyst til å bidra, ta gjerne kontakt uansett!
Intervjua vil bli gjennomført i oktober og november. Kvart intervju vil vare mellom 40 og 60 minutt. Som respondent må du signere eit informasjonsskriv som gjer det klart kva for informasjon som vert handsama, og korleis personvernet ditt er beskytta. Dersom du bur utanfor Trøndelag er det mogleg at det mest praktiske blir digitalt intervju over Teams, men det er ikkje heilt utelukka for meg å reise til andre stader.